Sidan dette var semesteravslutning og sommarfest, hadde vi leita fram mange solfylte skattar frå vår eigen barndom, alt frå «Alle fugler» og «Millom bakkar og berg» til «Blomster små» og «Idas sommarvise». Sidan somrane her på Vestlandet byr på mykje vêr, hadde vi også ei heil avdeling med songar om bølgar, storm og båtliv (til dømes «Min båt er så liten»). Etter songstunda koste vi oss med deilig lunsj saman.
På babysongen i Foldnes kyrkje er vi eit heilt lite team som samarbeider om å gjere samlingane best mogelege for store og små. Teamet blir leia av kyrkjelydspedagog Elisabeth. Resten av teamet er Kristine, Line-Veronica og Per, og alle desse tre er frivillige. Fokuset på samlingane er songglede, kristen tru og styrking av bandet mellom barnet og den vaksne. Ein bonus er at dei vaksne også får treffe andre foreldre og styrke sitt eiga sosiale nettverk i ein sårbar livsfase. Vi får stadige tilbakemeldingar om at desse samlingane betyr mykje for foreldra.
På spotify kan du høyre og synge med på vårsongane vi sang.