Påskevandringar med barnehagane

I dei siste vekene før påske er det eit yrande liv langs «Kyrkjevegen», frå Foldnes kyrkje i retning dagsturhytta ved Larslivatnet. Dei aller fleste av barnehagane på Litlesotra har nemleg takka ja til å bli med på utandørs påskevandring, leia av kyrkjelydspedagog Elisabeth Møll Jung.

Publisert:

Påskevandringar med barnehagane

Det er primært dei eldste av borna i barnehagen som er i målgruppa for dette opplegget. I nokre av barnehagane er denne aldersgruppa så stor at dei kjem i to puljar. Kvar gruppe er på ca 15-20 born. Slik blir gruppa lita nok til at alle får med seg alt, og at dei kjem tett på forteljinga. 

I år var påskevandringane fordelte på to onsdagar i mars. Nokre av barnehagane kjem til fots, andre kjem med buss. I nokre av barnehagane reknar dei dette som ein turdag. Dei har med matpakker og tar gjerne rastepause ved dagsturhytta eller ein annan plass langs turvegen.

Påskevandringa har seks stasjonar: Jul, palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og første påskedag. På kvar post møter borna flinke og engasjerte forteljarar. I år har desse vore ei god blanding av pensjonistar, kyrkjestab og unge vaksne. Påskevandringa er lagt opp slik at borna får vere aktivt med i forteljinga med heile seg. Dei får vifte med palmegreiner på palmesøndag, smake på brød på skjærtorsdag, bære stein til krossen på langfredag og syngje påskesong framfor den opne og tomme grava på påskemorgon.

Det er mange born og mange barnehagar som held til i «vårt» område (Litlesotra og Bjorøy). Til saman 14 grupper fekk med seg påskevandringa i år. På alle gruppene har vi fått møte vakne og oppmerksomme barn, som lever seg inn i forteljinga, syng med på songane så godt de kan, og kjem med gode innspel og spørsmål undervegs. Gruppene blir leia av trygge, gode vaksne frå dei ulike barnehagane. 

Takk til alle som var med på påskevandringa i år, både små og store!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"