Denne onsdagen var det fleire frivillige i sving på kjøkkenet, og borda bugna av mat. Dei som kom innom denne dagen kunne gle seg over smakfull fiskesuppe med focaccia, rundstykker og brød med eit rikt utval av pålegg. Juice og kaffi stod også klart, og det mangla verken varme eller raushet rundt borda. Om ein ønskte noko søtt til kaffien, var der også eit fat med deilig sjokoladekake.
Ingjerd, som var innom for første gong, smilte breitt då ho kom inn. –Dette blir bra frukost for ein pensjonist, ler ho, og innrømmer at ho hadde tatt seg ein ekstra lang morgon.
Praten sat laus medan suppa vart spist, og stemninga var både varm og inkluderande. Det er tydeleg at Open lunsj treffer eit behov for fellesskap midt i kvardagen.
Ei svært vellukka lunsjsamling som gav gode smakar, og endå betre møte mellom menneske. Sjå skjerikyrkja.no for fleire datoar på open lunsj.




