Menighetsweekend med bu-heime-leir

Då det vart dobbeltbooking på Skjergardsheimen, fann soknerådet ei kreativ løysing: ei bu-heime-leir med base i kyrkja. Laurdag og søndag vart fylt med aktivitetar for alle aldrar, god mat, latter og fellesskap.

Publisert:

Menighetsweekend med bu-heime-leir

Bibeltime med humor og engasjement

Helga vart høgtidleg opna med snorklypping av Olai på åtte år, med jubel frå dei frammøtte. Søndagen vart avslutta med gudsteneste og kyrkjekaffi. 

Dagen starta klokka 10 med bibeltime under overskrifta «VM i kristologi» ved William Grosås og Peder K. Solberg frå podkasten Ulest og NLA. Timen vart både underhaldande, lærerik og tankevekkjande. Dei underviste soknerådsleiar Per Helge Refvik i sju viktige årstal mellom år 300 og 787, ei tid då kristendommen vart forma, utbreidd og fekk tydelege rammer. Mellom anna fekk vi høyre om kyrkjemøtet i Nikea i 325, keisar Konstantin og korleis kristendommen spreidde seg i verda.

Samtidig, nede i kyrkjestovo, hadde Landy Bakke frå NMS (og Madagaskar) bibeltime for barna, og sokneprest Maria Tveten leia hobbyverkstad.

Sporløp, lunsj og latter

Til lunsj kunne ein velje mellom risgraut og tomatsuppe. Etter maten venta sporløpet, ei sosial og morosam økt med åtte postar, spørsmål og konkurransar.

Ein av oppgåvene var å lage lengst mogleg line med det ein hadde i lomma, og vinnarane strekte seg til over 20 meter med lommerusk! Det vart òg pusling, ballkasting og laging av kreative lagsongar som seinare vart framførte på underhaldingskvelden.

Aktivitetar for ein kvar smak

Etter sporløp kunne deltakarane velje mellom fleire aktivitetar: kanotur, tur til Våge eller ein kortare tur til dagsturhytta langs kyrkjevegen. I kyrkjestova vart det steikt vaflar, strikka, prata og slappa av, eit triveleg samlingspunkt for mange.

Fleire vart også med i pop-up-koret, som framførte song under gudstenesta søndagen etter, leia av Gunnar Innerdal.

Taco, misjonsbasar og kveldskos

Til middag vart det servert taco som er alltid ein favoritt. Med mykje å velje mellom vart lefsene fulle og magane mette. Frivillige grupper stilte opp og hjelpte til med både servering og rydding.

Kveldens store høgdepunkt var misjonsbasaren. Alle hadde med ein liten gevinst, og mange årar vart selt. Inntekta gjekk til Foldnes sokn sitt misjonsprosjekt: NMS Thailand og Den norske Israelsmisjon – Jesu Døtre.

Etterpå vart det kakebord, snacks, kaffi, brus og underhaldning, før dagen vart avrunda med kveldstankar ved Leo Jung.

Bu-heime-leiren vart ei helg fylt av glede, fellesskap, kvile og påfyll, og den samla menneske i alle aldrar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"