Fargerik familiegudsteneste

På familiegudstenesta på fastelavnssøndag 15. mars  var det også i år karnevalsgudsteneste i Foldnes kyrkje. Mange born og kanskje nokre få vaksne stilte med flotte kostymer som sette farge på gudstenesta.

Publisert:

Fargerik familiegudsteneste

Både små og store fekk noko viktig å tenka på i preika til vikarprest Harald Fylling. Han løfta fram Jesu ord når han bed for læresveinane i Joh. 17: «Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til tru på meg» - her er jo også vi som lever i dag rekna med!

For anledninga var salmeseddelen fylt opp med mest mogleg friske songar, som vart akkompagnert av eit ekstra stort orkester  med både sax, gitar, hammondorgel, piano, bass og trommer. Til postludium spelte orkesteret ekte brasiliansk karnevalsmusikk, ein frevo frå Nordaust-Brasil som var ein stor hit i karnevalssesongen i 1982, Festa do interior (Moraes Moreira/Abel Silva) i Gal Costa sin versjon, høyr den her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"