Remy Olsen var først ut av solistane og bidrog med ein flott miks av tradisjonell og nyare gospel. Kveldens overrasking var ukrainske Tetiana Romanyuk som hadde teke turen frå Os der ho er busett. Ho framførte to sterke songar som handlar om krigens grufulle røyndom, før ho avslutta med ein feststemt hyllest til sin heimstad i Ukraina.
Med Solveig Mo var konserten tilbake på gospelsporet att, og ho opna med ein fabelaktig versjon av Amazing Grace med gospelekspert Arnt Thyve på hammondorgel som einaste tonefølgje, før ho drog til med eit par meir moderne gospelsongar i beste stil.
Innimellom fekk det eminente orkesteret sleppa til med nokre instrumentalnummer, der den komplette besetninga med trompet, sax, trombone, gitar, hammondorgel, piano, bass og trommer verkeleg fekk koma til sin rett, t.d. i avslutningslåten XOIOX av organist Aasmund Brekke i ein slags gospeljazz-stil. Det spesielle med denne låten er at tittelen blir heilt lik framlengs, baklengs (speglvend), opp ned og opp ned speglvend.






