Inspirerande fellesgudstenste

Kvart år på Bibeldagen (Såmannssøndagen) blir det arrangert ei stor fellesgudsteneste for både kyrkjelydane i Den norske kyrkja og fleire andre forsamlingar i Øygarden kommune. Den går på rundgang mellom dei involverte og på 1. februar i år var turen komen til Foldnes kyrkje.

Publisert:

Inspirerande fellesgudstenste

Det var fullt hus i kyrkja, nærmare 500 personar var samla til ei svært innhaldsrik og inspirerande gudsteneste. Dette er eit felles dugnadsprosjekt der alle kyrkjelydane/forsamlingane bidreg med ulike ting.

Denne gongen var det Borghild Berge frå Sund sokn og Ingrid Skjold frå Tremorkirken som leia gudstenesta med stø hand , Gunnar Ferstad frå Imf Straume heldt ei engasjerande preike, fleire frå ulike kantar tok hand om tekstlesingar og bøner. Stødige forsongarar og eit svært samspelt orkester frå Foldnes sokn under leiing av organist Aasmund Brekke og Gunnar Innerdal leia forsamlinga i frisk allsang. Gospelkoret Lokal Vokal, som og høyrer til i Foldnes kyrkje, bidrog også med vakker song under leiing av vikardirigent Lene Innerdal, og runda av heile seansen med eit heftig postludium i god 70-talsstil, Put your hand in the hand of the man, som fekk stemninga i salen til å ta heilt av.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"