Babysong med påskevandring

Fredag 20. mars hadde vi påsketema på babysongen i Foldnes kyrkje. Denne dagen var det både mange babyar, nokre ettåringar, ein pappa, to bestemødre og mange mødre med, og dette blei ei fin samling for alle generasjonar.

Publisert:

Babysong med påskevandring

Programmet starta med ein varm velkomst nede i Kyrkjestova, der alle vart presenterte, og vi song ein namnesong saman. Deretter gjekk vi opp til det store kyrkjerommet, der det var rigga til påskevandring. Saman følgde vi påskeforteljinga steg for steg. 

Vi byrja med jula, der vi kikka på barnet i krubba og song «Eit barn er fødd i Betlehem». Neste dag i forteljinga var palmesøndag, og der fekk alle vifte med palmeblad og syngje «Hosianna». På skjærtorsdag fekk vi oppleve både fotvask og brødsbryting, noko som gav ei nær og fin ramme rundt forteljinga.

Vidare gjekk vi inn i langfredag, der vi samla oss rundt lysgloben og altaret, som symboliserte grava. Etter dette hadde vi ein stille sabbat, ein kviledag, der vi låg på mattene og tok det heilt med ro. Så kom påskemorgon, fylt med lys, glede og blomstrar, og vi song saman framfor den tomme grava.

Dei eldste ungane, som hadde lært seg å krabbe, fekk til slutt krabbe gjennom altaret for å «sjekke om grava var tom».

Etterpå samla vi oss til ein deilig påskelunsj i Kyrkjestova, der vi kunne vere saman og dele opplevinga vidare.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"