Takk for tru teneste, Maria

I januar hadde Maria Tveten si siste gudsteneste som sokneprest i Foldnes kyrkje, etter nesten 14 år i teneste. Kyrkja var fylt til randa denne dagen. Mange hadde teke turen for å vise si takksemd, og for å ønskje henne lukke til vidare i den nye stillinga som prest i Sjøforsvaret.

Publisert:

Takk for tru teneste, Maria

Organist Aasmund Brekke hadde med seg band og forsongarar, og det gav gudstenesta eit ekstra løft. Songen fylte kyrkjerommet med liv og kraft. Prost Jan Tommy Fosse deltok også under gudstenesta, og saman hadde dei nattverd. Seinare sette han ord på tydinga av den lange og tru tenesta Maria har hatt i kyrkjelyden.

Etter gudstenesta var alle inviterte inn i kyrkjelydssalen til kyrkjekaffi. Der venta eit rikhaldig kakebord, med ein stor marsipankake med teksten «Takk for tru teneste Maria», i tillegg til mange heimelaga kaker og bollar. Det vart sett fram ekstra bord for å få plass til alle som ville vere med og dele denne spesielle dagen.

Samlinga vart prega av gode ord, latter, tårer og mange minne. Soknerådet hadde førebudd eit eige innslag, der dei samla seg på scena og song ein song dei hadde skrive om til Maria, på melodien «Kamilla og tyven». Heile forsamlinga vart med på refrenget: «Maria, vi saknar deg no (allereie)». Det vart eit fint augeblikk.

Fleire tok ordet for å takke Maria for innsatsen hennar. Mellom dei som helsa, var ordføraren, kyrkjeverja, prosten og «ungdomane» på 28 år som hadde hatt ho som ungdomsprest då ho starta opp. Alle sette ord på kor mykje ho har betydd, både som prest og som medmenneske.

Maria sjølv har uttrykt djup takksemd for tida i Foldnes kyrkjelyd: –Då eg kom på søndag, var eg svimmel av takksemd og sorg. Eg vart fullstendig overvelda over alle som kom på gudstenesta, deltok på kyrkjekaffien, og for alle dei fine talane, gåvene og til og med ein song.

I ein e-post med fredagshelsinga hennar heldt ho fram med ei varm helsing til kyrkjelyden: –Takk til kyrkjelyden i Foldnes: Takk for at eg har kunna vere meg sjølv. Takk for at eg har fått utvikle meg, fått tid til å vekse. Takk for at eg har kunna få leike, tulle og tøyse. Takk for at de har tolt meg og ikkje gitt meg opp når eg har vore ein mindre god versjon av meg sjølv, men like fullt meg sjølv. Spesielt takk til alle trufaste gudstenestedeltakarar. De har gledd meg!

Maria har sett djupe spor etter seg i Foldnes kyrkjelyd. Gjennom mange år har ho møtt menneske i glede og sorg, bore fram bodskapen om tru og håp, og vore ein viktig del av livet i kyrkja. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"