Kranseverkstad: ein skikkeleg koseleg førjulsaktivitet

Ein heilt vanleg torsdagskveld i november vart plutseleg noko mykje meir enn vanleg då nesten 40 menneske i alle aldrar møtte opp til kranseverkstad i regi av Generasjonskveld i Landro kyrkjekjellar. Nokon kom med erfaring frå tidlegare, andre kom for aller første gong. Men alle kom med same mål: å lage sin heilt eigen, flotte haust- eller julekrans og ha det kjekt saman.

Publisert:

Kranseverkstad: ein skikkeleg koseleg førjulsaktivitet

For tredje året på rad var det Nina Bru frå Kysthagen som leia det heile. Ho hadde med seg alt av grønt og naturleg pynt, og det kjentes nesten som skogen, hagen og blomsterbutikken flytta inn på ein gong. Granbar, tørka blomar, konglar, mose, nydelege appelsinskiver, kvistar og all slags små skattar låg spreidd over borda. Det var berre å velje og vrake.

Stolane var sett opp i ein stor halvsirkel slik at vi kunne sjå kvarandre, vere samla og berre vere litt ilag. Nina delte ut halmkransar og metalltrådar, og så fekk alle ei lita innføring i korleis ein kan starte. Ho viste fram korleis ein festar dei første kvista, korleis ein kan bygge vidare, og ho minna oss på at det ikkje fanst noko «feil». Ville du ha ein vill og bustete krans som ser ut som du nyleg har vore ute og plukka i skogen? Gå for det. Ønskte du ein rund og elegant krans som passar perfekt på ein ryddig inngangsdør? Den er like fin.

I det Nina var ferdig, reiste folke seg, gjekk rundt, plukka, samanlikna kvistar, smilte og prata. Det vart fullt av grøne kvistar på borda, små haugar av pynt og kreative planleggingar. Nokon sat i djup konsentrasjon og jobba seg stille gjennom prosjektet sitt, medan andre prata, spurde naboen om råd og fekk hjelp av Nina dersom dei stod fast.

Barna kasta seg òg inn i arbeidet, og fann raskt sine eigne favorittar blant kvistar og pynt. Det var tydeleg at dei koste seg. Og då diakon Synnøve dukka opp med kakao og oppskåren frukt vart det eit populær stasjon midt i alt det grøne.

Etter kvart som tida gjekk, byrja kransane å ta form. Nokon vart fargerike, andre naturlege og litt røffe. Nokon var heilt minimalistiske, medan nokre var frodige. Men alle var heilt unike, og alle såg ut til å vere laga med både kreativitet og eit smil.

To jenter holder opp hver sin grønne krans og smiler

Kvelden vart avrunda roleg med litt rydding, fleire gode samtalar og mange som stod og beundra både eigne og andre sine kunstverk. Alt i alt vart dette ein veldig koseleg og kjekk novemberkveld. Ein kveld fylt av skaparglede, fellesskap og varme, akkurat det vi treng når dagane blir kortare og vinteren snik seg innpå.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"