Barne- og tweenskoret opna kvelden med fleire flotte songar. Eline Olsen sat ved pianoet og akkompagnerte koret, og hadde også med seg ein musikar på bass. Nokre av dei eldste jentene i koret song solo på refrenga, noko som gav framføringa eit ekstra fint preg.
På den tredje songen fekk også publikum vere med og synge. Mot slutten vart salen delt opp i fleire grupper av kantor Eline, og songen vart avslutta i kanon. Det skapte både smil og god stemning i kyrkjerommet.



Langs eine veggen stod eit stort og freistande kakebord klart. Samstundes vart det gitt ei tydeleg melding: Det var berre lov å forsyne seg av kakene medan loddsalet gjekk føre seg. Dermed vart det både lodd og kaker i god basarånd. Det vart halde to rundar med åresal, der spenninga steig etter kvart som tala vart ropte opp. Dag-Olav Bjorøy hadde ansvaret for å annonsere loddtala og fortelje kva gevinstar som låg i potten. Dei flinke korjentene sprang rundt i kyrkja og delte ut gevinstane til dei heldige vinnarane.






For barna var det eige barnelotteri, der alle barna fekk kvart sitt lodd, med gevinstgaranti. Det skapte stor glede blant dei yngste.
Midt i programmet heldt Svenn Morland ei andakt. Han fortalde om Maria og delte tankar om tydinga av Jesu namn, noko som gav ei fin og ettertenksam stund i løpet av denne laurdagen.
Gjennom åresal og loddsal kom det inn ca. 47 000 kroner. Inntektene frå basaren skal i år gå til oppgradering og fornying av kyrkjelydssalen nede. Dette er ein sal som vert mykje brukt av folk i alle aldrar, til dømes til generasjonskveldane, Landroklubben, onsdagsmøta, formiddagstreffa og Open barnehage. Salen vert også leigd ut til private samkome, som til dømes dåpsfeiringar og gebursdagsfeiringar. Eit slikt føremål for basaren blir difor vere til glede og nytte for store delar av kyrkjelyden.
Basaren held fram ein viktig tradisjon og samlar menneske i alle aldrar til ei triveleg stund saman. Det vart ein kveld fylt av song, latter, spenning og gode møte mellom folk. Ein stor takk går til basargruppa som har stelt i stand arrangementet og lagt ned mykje arbeid for å skape ein så vellukka basar.
