Vi har sett opp 4 tiltak du kan gje til:
Arbeid i Fjell kyrkjelyd
Til det generelle arbeidet i kyrkjelyden.
Barn og ungdom
I tillegg til eige arbeid med søndagsskule, T-dagar, barnekor, tweens og konfirmantarbeid, har kyrkjelyden eit verdfullt samarbeid med barnehagar og skular. Dei fleste barnehage- og skule-barn kjem innom kyrkja vår mange gonger frå dei er små til dei vert konfirmerte. Dette er eit viktig arbeid med mål om at barna skal få eit aktivt tilhøyre til kyrkja vår.
Lyd og bilete
Som kyrkjelyd møter vi stadige utfordringar til presentasjonsmåtar i kyrkja. Konkret har vi plan om å få opp lerret og prosjektørar slik at tekst osv av ulik art kan visast. Mål for dette konkrete prosjektet er i dag å få inn 150 000 kr. Andre tekniske utfordringar dukkar opp med mellomrom.
Misjon og visjon; Misjonsprosjekta i Thailand/Laos
Kyrkjelyden vår har ein visjon: Saman vil vi æra den treeinige Gud ved å forkynna Kristus, byggja kyrkjelyd og fremja rettferd. Denne visjonen søkjer vi å realisera også gjennom ein avtale om å samla inn 30 000 kr per år til NMS sitt misjonsarbeid i Thailand og Laos.
Vil du støtte arbeidet vårt på denne måten?
Trykk her for å opprette avtale
Leverandøren kan inntil vidare ikkje levera heile teksten på nynorsk.
Sjå under for dokument om manuell givarteneste.