Fjell sokneråd sitt informasjonsutval

Informasjonsutvalet i Fjell sokn er eit underutval i soknet. Utvalet skal sørgje for ein god informasjonsflyt ut til alle målgrupper i Fjell sokn. Gjennom ulike kanalar skal det informerast om kva som skjer av gudstenester, aktivitetar og arrangement, skape engasjement og tilhøyre, samt kalle til tru og etterfølging. Hovudmål: Gjere Fjell kyrkjelyd synleg i soknet.

Kvinne styrer strømmingen av en gudstjeneste. Hun sitter ved en skjerm og styrer en miksepult.

Ansvarsområde

1. Utarbeide og vedlikehalde informasjonsplanen til soknerådet. Informasjonsplanen skal samsvare med strategien til fellesrådet for informasjon og ivareta følgjande område:

  • Informasjons­strategi med plan for informasjonsarbeid, inklusiv kunngjeringar i gudstenesta
  • Ansvarsfordeling for informasjonsarbeid i soknet
  • Samarbeid med dei tilsette i kyrkjeadministrasjonen
  • Samarbeid med dei andre sokna i kommunen
  • Informasjonskanalar

2. Publisering

  • Utøve redaktøransvaret til soknerådet i etablerte informasjonskanalar
  • Gje innspel til kyrkjebladet
  • Aktivt publisere i høve til informasjonsplan
  • Lære opp andre frivillige i soknet i å publisere

3. Møter og samansetjing

  • Utvalet bør bestå av 3­ til 6 medlem
  • Utvalet vel sjølv sin leiar
  • Informasjonsutvalet sender møtereferat til soknerådet

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"