Det er mange ny-kristne som finn det nyttig å lese i Bibelen, be jamleg, og finne ein kristen fellesskap der ein kan lære meir og stille spørsmål. Du treng ikkje forstå alt med ein gong. Trua er ei reise, ikkje eit mål du må nå med éin gong. Gud møter deg der du er, og Han vandrar med deg vidare.
Det er også normalt å kjenne på tvil og undring. Det betyr ikkje at trua er svak, det betyr at du er ærleg og søkjer djupare. Hugs: Du er ikkje åleine. Mange har gått denne vegen før deg, og Gud har lova å vere med oss alle dagar.
Ønskjer du å prata med nokon i Fjell kyrkjelyd om reisa di så håpar vi at du tek kontakt med enten soknepresten vår, Per Hjemdal på telefon 411 26 549, eller diakoniarbeidar Renate Olsen Seim på telefon 930 36 160.