Sidan det ikkje var rom i budsjettet til profesjonell måling, tok frivillige på seg oppgåva med godt humør og stort engasjement. Soknerådet har samla inn midlar til utstyr og materiale.
Ei eiga oppussingskomité vart sett ned i haust, leia av Mali Hjemdal, og no er arbeidet godt i gang. Førre veke stod vasking, førebuing og grunning på planen, og denne veka er målinga for alvor i gong. Heile salen er tømt, bortsett frå nokre møblar. Golvet er dekt med gråpapir, og listverk og karmar er teipa nøye. Fleire flyttbare stillas og stigar står klare rundt i rommet.
Men før malekostane vert tatt i bruk, startar ettermiddagen på hyggeleg vis: kjøkkengjengen har laga middag til alle. Det er dekt på eit lite langbord midt i den store salen, og dagens meny bød på pasta med kjøttsaus, kvitløksbaguettar og parmesan.



Etter mat, kaffi og småprat tek Arvid Nese ordet. Han er med i komiteen, og deler gode råd om korleis ein får dei jamnaste og finaste malarstrøka. Så går alle til kvar sine hjørne. Nokre tek taket, andre veggane.
For dei som vil vere med vidare på dugnaden torsdag og fredag, er det berre å ta kontakt med Janne-Lin Fjeld Andersen på e-post ja322@kyrkja.no. Ho fortel at arbeidet ligg godt an, og at første strøk alt var nesten ferdig denne tysdagskvelden.







