Festdag for konfirmantjubilantane

Søndag 12. oktober var det festdag i Fjell kyrkje med festgudsteneste for konfirmantjubilantar. Dagen starta med ei høgtidleg gudsteneste der forsamlinga song godt til salmane. Soknepresten leia gudstenesta, med dåp og nattverd, og det vart ei fin stund til takk og refleksjon.

Publisert:

Festdag for konfirmantjubilantane

Etter gudstenesta vart det fotografering av kvart konfirmantkull. Dei eldste jubilantane var 95 år! Fire spreke damer som hadde 80-årsjubileum møtte fram denne dagen. Også 75-, 70-, 60- og 50-årsjubilantane stilte opp for fotografering før samlinga heldt fram i kyrkjelydssalen.

Der inne venta festpynta bord, og alle fekk servert middag med svinesteik og tilbehør. Sokneprest Per Hjemdal leia samlinga, og soknerådsleiar Eigil Nødtvedt kom med helsing og gratulasjonar til jubilantane. 

Innimellom vart det song, og fleire av dei som var til stades delte helsingar, dikt og små og morosame forteljingar frå tida si som konfirmantar. Ei kunne fortelle om ein konfirmanttime 1955 som hadde gjort særleg inntrykk, då presten forklarte symbola i kyrkja – søylene, treenigheten og stjernene – og korleis syn og høyrsel kunne vere med på å formidle.

Etter middag vart det servert kaffi og kaker. Praten og latteren gjekk lett rundt borda, og mange delte gode minner frå konfirmasjonstida. Det vart ein hyggeleg og minnerik dag for jubilantane.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"