Fjell kyrkje
Laurdag 24. april: Kolltveit og Knappskog
Søndag 25. april: Skålevik, Tellnes og Ulveset
Foldnes kyrkje
Søndag 2. mai: Foldnes
Laurdag 8. mai: Brattholmen
Søndag 9. mai: Bjorøy, Hjelteryggen og Liljevatnet
Landro kyrkje
Laurdag 8. mai: Ågotnes, Misje og Spjeld
Søndag 9. mai: Landro
I utgangspunktet blir alle konfirmantane konfirmert i den kyrkja dei soknar til. Dersom den oppsette dagen blir vanskeleg, kan ein be om ei anna kyrkje eller ein annan dag.
Klokkeslett for konfirmasjonsgudstenesta
Det vil bli to konfirmasjonsgudstenester på kvar av datoane (kl.10.30 og kl.12.30). Kva krins som kjem tidleg og seint på dagen, vil bli bestemt etter at konfirmantane er påmeldt og vi kan sjå kor stort konfirmantkullet er.
Dette gjer det lettare for oss å fordele gruppene likt, slik at det blir best mogleg plass til familie og gjester i kyrkja på konfirmasjonsdagen.
Endringar på grunn av soknedeling
1.november 2015 blei Fjell kommune delt inn i tre sokn. Dette får konsekvensar for nokre av konfirmantane frå Knappskog krins.
Tidlegare har konfirmantar frå Knappskog kunne velje mellom konfirmasjon i Fjell eller Landro kyrkje. Nå er det satt opp nye soknegrenser, så alle som bur i Knappskog krins soknar til Fjell kyrkje. Unntaket er dei som bur på Spjeld, som soknar til Landro kyrkje.
(Spjeld= Fløythaugen, Malenevegen, Skjergardsvegen nr. 1091-1136, Spjeldsfjellet, Spjeldshaugen, Spjeldsvegen, Vindskarvegen og Øvre Spjeld.)