240 konfirmantar og over 100 andre frivillige var med på å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp. Til saman var dei med på å samle inn omlag 180.000 kroner til Fasteaksjonen.
Dette er pengar nok til å gi varig tilgang til reint vatn til 700 menneske som treng det.
Tusen takk til alle som har gitt av både tid og pengar til aksjonen!