Øygarden kommune betaler kremasjonsavgifta for busette i Øygarden. Kremasjon skjer i Bergen og ein må betale for dette. Gravferdsbyrået opplyser om ordninga når kremasjon er tema ved eit dødsfall.
Krematoriet sender faktura til Øygarden kyrkjelege fellesråd som får oppgjer frå kommunen.
Busette utanfor Øygarden, men der bisettinga skjer i Øygarden, eller at urna skal settast ned på ein gravplass i Øygarden: Her må pårørande/den som står for gravferda/bisettinga betale kremasjonsavgifta.
Kr 6037 inkl frakt
Kr 5038 utan frakt
Bergen kirkelige fellesråd (krematoriet) sender faktura på kremasjonsavgifta til Øygarden kyrkjelege fellesråd.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.