Gravplassar i Øygarden

Gravplassen er ein stad for seremoniar og minner. Her møter me menneske i ulike situasjonar, ofte knytt til sorg og sakn. Det me gjer og måten me gjer det på er difor prega av dette. Soknerådet sitt mål og ynskje er at gravplassen skal vera ein god plass å koma for å minnast dei som har gått bort.

Oversikt over Straume gravplass med en relativt ny grav fremst, den har femdeles jord foran seg og roserbukett plasset oppå. Et hvit kors med navnet på bak rosene.

Øygarden kyrkjelege fellesråd har med heimel i gravferdslova ansvar for drift og forvaltinga av gravferdsverksemda i Øygarden kommune. Veksande folketal har ført til at det stadig vert meir trong for gravplassar i kommunen.

I Øygarden kommune er det 14 gravplassar/kyrkjegardar som er i bruk;

Fjell kyrkjegard ligg ved Fjell kyrkje og har vore nytta så lenge det har stått kyrkje på Fjell og var den einaste kyrkjegarden i kommunen fram til 1849. Seinare har han vorte utvida fleire gonger.

Kleivane gravplass vart teken i bruk i 1919, denne blei utvida i 1993 og siste gong i 2014.

Vestre gravplass (Skålevik) – vart teken i bruk i 1959 og vart utvida i 1997.

Landro gravplass vart opna i 1901. Gravplassen har vorte utvida fleire gonger: 1957, 1966, 1994 og siste gong i 2019. I den nyeste delen er det namna minnelund, felt for anonyme graver og ein eigen del tilrettelagd for gravferd etter muslimsk tradisjon.

Straume gravplass vart vigsla og teken i bruk i 1980.

Foldnes gravplass som ligg i tilknytning til Foldnes Kyrkje vart vigsla og teken i bruk i 2013. På denne kyrkjegarden er det også namna minnelund, felt for anonyme graver og ein eigen del tilrettelagd for gravferd etter muslimsk tradisjon.

Hjelme gamle kyrkjegard (ikkje i bruk) vart teken i bruk det året kyrkja vart bygd (1875) og gjekk or bruk då den nye kyrkjegarden vart opna i 1949. På kyrkjegarden finst nokre jarnkrossar og -plater frå tida rundt 1900 og steinplater på jarnstativ. Mange graver frå 1915. Eit staffpanelt uthus bryt muren på austsida av kyrkja. Utafor nordporten, på ein haug på austsida, er reist eit minnesmerke over dei falne i andre verdskrigen.

Hjelme kyrkjegard ligg på Stakksmyra nordafor kyrkja. Den eldste delen med graver frå 1949 og frametter, ligg nærast kyrkja. Den nordlege delen er ei utviding frå som vart gjort i samband med oppføringa av den nye kyrkja. Her står reiskapsbu med toalett og eit lite klokketårn. Ved reiskapshuset er laga eit lite felt med minnesteinar over personar som er komne vekk på sjøen. Når den siste utvidinga kom i 2014 vart det også laga til namna minnelund, denne ligg ved vegen vest for kyrkja som knyttar gravplassen saman med kyrkja.

Blomvåg kyrkjegard (ved Blomvåg Kyrkje). Den delen av Øygarden som låg i Herdla kommune førde tidlegare kistene i båt til Herdla og jorda dei der. I 1941 vart det kjøpt dyrka mark vest for kyrkja i Blomvågen og stelt til gravplass der. Gravplassen er omgjeven av tørrmur av flate natursteinar og har eigen inngang nordvest for inngangen til kyrkja. I 1954 vart kyrkjegarden utvida. I grensa til den eldste delen av gravplassen står eit reiskapshus. Dette var bårehus til det vart oppført nytt bårehuset nord-vest for kyrkja tidleg på 70-talet.

Blomvåg «nye» kyrkjegard - I 2001 vart det laga til ny gravplass (nord for den gamle) Her er det også oppført, reidskapshus, klokketårn og det er namna minnelund på gravplassen. I 2020 vart det også opna opp for graving i dobbel høgde på ein del av den nye gravplassen.

Info kjem om desse gravplassane:

Sund kyrkjegard

Sund gravplass

Telavåg gravplass

Telavåg - Fredens bolig (ikkje i bruk) 

Kausland kyrkjegard

Kausland gravplass

 

Kolerakyrkjegardane

Gravstaden i Bildøydalen vart opna i koleraåret 1849 og vart nytta som hjelpekyrkjegard fram til 1880, men ikkje seinare. Eit unntak var krigsåra 1940-1945 då 10-12 russiske krigsfangar vart gravlagde her

Gravstaden i Møvik vart opna koleraåret 1849. Han vart og nytta som gravstad for vestre Fjell fram til 1880. Gravstaden er no freda.

Regelverk

I medhald av politivedtektene for Øygarden kommune § 6-1 er det ikkje tillete å sykle, ake eller å drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der. Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengt. Hundar skal haldast i band på kyrkjegardar og grav- og urnelundar jfr. Forskrift om sikring av hund i Fjell kommune §3 b).

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"