Nysgjerrige tredjeklassingar på kyrkjebesøk

Desse fine vekene i mai-juni er det eit ekstra yrande liv i både Foldnes, Fjell og Landro kyrkje. Det er nemleg endeleg tid for at tredjeklassane får kome på besøk i si lokale kyrkje saman med læraren sin.

Publisert:

Nysgjerrige tredjeklassingar på kyrkjebesøk

«Tredjeklassevandringar» er eit pedagogisk samarbeid mellom kyrkjene og skulane, og det skjer på skulens premissar. Opplegget er knytta til fleire av måla i fagplanane, mellom andre desse punkta frå generell, overordna plan:

  • Skolen skal gi elevane historisk og kulturell innsikt og forankring, og bidra til at kvar elev kan vareta og utvikle identiteten sin i ein inkluderande og mangfaldig fellesskap.
  • Innsikt i historia og kulturen vår er viktig for at elevane utviklar identitet, og skaper tilhøyrsle til samfunnet.
  • Felles referanserammer er viktig for at den enkelte skal kjenne tilhøyrsle til samfunnet. Dette skaper samhald og forankrar identiteten til den enkelte i ein større fellesskap og i ein historisk samanheng.

Kvart tredjeklassebesøk tar 3-4 timar. I løpet av denne tida får elevane bli godt kjende både med heile kyrkjebygget (inkludert klokketårnet), med arkitektur, interiør, gjenstandar, fargar, symbol, liturgiske klede og med nokre av dei som jobbar i kyrkjene. Dei får høyre om kva som skjer i kyrkja og kva ho vert nytta til. Dei får òg lære litt om kva som skjer når det er til dømes dåp, nattverd og gravferd. 

Barn og lærere sitter i en halvsirkel, ansiktene til barna er gjemt med en emoji med solbriller

Høgdepunktet for mange av elevane er å få sjå og høyre på orgelet. Organistane våre fortel og spelar, med både hender og føter, og elevane følgjer ivrig med.

Dagen blir avslutta på den nærmaste gravplassen, der elevane både får lære om korleis vi viser respekt når vi er på ein gravplass, kva dei ulike symbola på gravane betyr, og om kva som skjer når det er gravferd. Dei får også sjå og lære om nokre ting som berre finst på denne lokale gravplassen, til dømes minnestøtta ved Fjell kyrkje og den muslimske delen på gravplassen ved Foldnes kyrkje. 

En prest viser frem stolaer og messehakkel ved alteret, barn sitter rundt på alterringern og ser på

Dei tilsette i kyrkja og dei frivillige medarbeidarane (pensjonerte pedagogar) gler seg kvart år til å få vise fram kyrkja si til nye tredjeklassingar. Elevane og lærarane er engasjerte og får med seg mykje i løpet av nokre få timar. 

Kyrkjebygga og gravplassane er viktige stader i dei ulike delane av kommunen vår, både som arkitektoniske fingeravtrykk i landskapet, som kulturhistoriske minnesmerke, som samlingsstader i «alle slags dagar», og som identitetsbyggande arena for alle innbyggjarane våre.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"