Foldnes kyrkje fekk tilgjengeprisen

Fredag 29. mai fekk Foldnes sokn tildelt Tilgjengeprisen 2026. Klokka 18.00 skulle klokkene ringje inn til Livets lys-gudsteneste, men i staden fekk ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) Lisbeth Hjortland ordet framfor ei overraska forsamling. Ei rørt Ellen Ebbesvik mottok prisen på vegne av Foldnes sokn.

Publisert:

Foto: Vigleik Brekke, Øygarden kommune
Foto: Vigleik Brekke, Øygarden kommune

Ebbesvik takka særskilt på vegne av Livets Lys som ho driv saman med Eivind Kausland Lie og fleire frivillige medarbeidarar. «Det å få denne anerkjenninga er sterkt. Særleg på ein kveld som denne der vi skal feire gudsteneste saman med menneske som har så stor omsorg for kvarandre. På Livets lys-samlingane syng vi saman og for kvarandre, og vi et kvelds saman. Alle deltakarane er med på utlodding og går heim med gevinst. For oss som driv arbeidet er gevinsten å få lov å vere saman på desse kveldane og vere del av denne fellesskapen.» 

En dame står og snakker i en mikrofon, en mann med ordførersmykke står bak henne
Tom Georg Indrevik og Lisbeth Hjortland

Tilgjengeprisen blir delt ut til den einskildpersonen, organisasjonen, bedrifta eller offentleg etat som har ein særs verdfull innsats for å betra tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne i lokalmiljøet eller kommunen sa ordføraren. Lisbeth Hjortland las opp grunngjevinga. Det blir vist til at Foldnes kyrkje driv eit mangfaldig arbeid for menneske i alle aldersgrupper, og er god på å leggje til rette for ulike behov. Her vart Livets lys-samlingane trekt fram. Samlingar særskilt tilrettelagt for dei med ulike funksjonsvariasjonar, men opne for alle. Konfirmasjon og konfirmasjonsundervisning var også del av grunngjevinga. Foldnes og i DNK i Øygarden er opptekne av at alle skal få moglegheit til å delta, uansett funksjonsnivå. Det same gjeld for T-dagane. Ved invitasjon til T-dagane kjem det tydeleg fram at kyrkja må få beskjed til at det kan leggjast til rette for dei som har behov for det.

Forslagsstillarane har erfaring med at dette ikkje berre er ord. Foldnes kyrkje har også eit breitt diakonalt tilbod, blant anna samtaletilbod som heimebesøk og gruppesamlingar som sorggrupper. Kyrkja er i tillegg universelt utforma og det er teleslynge for høyrslehemma. I det siste har kyrkja meir enn dobla talet på parkeringsplassar for rørslehemma nær inngongen, vart også trekt fram då Hjortland presenterte grunngjevinga for prisen. 

Prisen består i diplom, eit måleri, blomar og fem tusen kroner. 

Ei viktig og stor anerkjenning for Foldnes sokn! Alle kyrkjelydane i Øygarden kan la seg inspirere av utmerkinga til Foldnes. Konfirmantarbeidet, T-dagane og samtaletilbodet og sorggruppene er arbeid på tvers av sokn, og del av ei heilskapleg tenking som er viktig for å skape gode fellesskap, trygge rom og moglegheiter for alle, uansett funksjonsnivå.

Mennesker sett bakfra sitter på stoler i kirkerommet

Etter utdelinga, vart kyrkjeklokkene sett i gong, og gudstenesta starta med inngongsprosesjon og preludium av og med deltakarar. Arve Hansen Haugland, sokneprest i Loddefjord leia og held preike denne kvelden, og fleire gudstenestedeltakarar bidrog med tekstopplesing, bøn og musikk. Etter gudstenesta var alle inviterte til gratis kyrkjepizza i kyrkjelydssalen. Det høyrer med når ein skal feire både pris og gudsteneste!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"