Mange tok imot eit lys dei kunne ta med seg heim. Kanskje skulle det tennast for ein dei saknar, ein dei tenkjer på, eller ein som har sett spor i livet deira.
Inne i kyrkjene var det også rom for minne og ettertanke. Små telys forma som kors vart tente, og på allehelgensdagen vart namna på dei som hadde gått bort sidan førre allehelgen, lesne opp. For mange var det også viktig å besøkje gravplassen og tenne lys ved grava til ein dei er glade i.





Sjølv om allehelgenhelga er over, held minna fram med å vere ein del av kvardagen. Det er framleis mogleg å tenne eit lys heime, i kyrkja eller på grava, når ein kjenner behov for det.
