Venneveko blir arrangert for femte gong og har no blitt ein tradisjon i kommunen.
I år er det veke 39 som er Venneveko.
Venneveko bli i år markert i samband med verdsdagen for psykisk helse som blir markert veke 39-42, med tema «Vi treng å høyre til» #lagplass er i fokus. Aktivitetstilbod, møteplassar og oppleving av å høyre til er viktige inkluderande faktorar som skapar innaforskap og gir auka livskvalitet. Sosial støtte kan vera med å redde liv, særleg i urolege tider. Vi har alle eit ansvar for å lage plass til fleire. Mellom anna blir det eit ope arrangement 30.September kl.13 -15.00 i Oseana FOR ALLE. Internasjonal fest med mat, prat og kulturinnslag i samarbeid med Oseana og frivillige.
Kva kan DU bidra med?
Vi ynskjer å mobilisere breitt, og utfordrar alle; barnehagar, skular, eldresenter, næringslivet, idrettslag, kyrkja, frivillige organisasjonar og alle der heime om å ha eit spesielt fokus på inkludering, fellesskap og vennskap i løpet av veke 39-42. Du kan vere med å gjere ein forskjell for dei du har rundt deg. Klarer vi alle å setje fokus på dette temaet i desse vekene, kan vi skape noko sterkt saman! På denne sida kan du finne gode eksempel på kva du kan gjere for andre: Undervisningsopplegg, aktivitetsforslag og verktøy | Verdensdagen for psykisk helse
Vi oppfordrar òg alle til å bruke emneknaggen #venneveko og #lagplass dersom de deler bilete og informasjon frå arrangement i desse vekene, i sosiale media. Vi blir glade for å sjå den fargerike logoen på vekeplanar og andre stader, som visar at Venneveko skal vere for alle, i alle aldre! Vi oppfordrar også til å legge inn arrangementa i aktivitetskalendaren Friskus, slik at flest mogeleg veit kva som skal skje.
Sjå og etter ein nær deg. Skravlekoppen er folkebevegelsen for raushet, inkludering og fleire menneskemøte.
Drikk du av den synleggjer du at du gjerne vil ha ein prat, og slår av ein prat med dei rundt deg.
Film laga til Venneveko 2020, vis, bruk og del:
https://www.youtube.com/watch?v=DgFfuFsRUQI&feature=youtu.be
På vegne av komiteen: