Velklang i Nore Neset kyrkje

Konsertserien i kyrkjene startar 2026 med ein fantastisk trio i Nore Neset laurdag 17. januar.

Publisert:

Velklang i Nore Neset kyrkje

Os kyrkjelyd vil halde fram med månadlege konsertar om lag midt i månaden, anten i ei av kyrkjene eller i Storsalen i Tunet. Programmet vil spenne breidt og spegle både lokalt musikkliv i Os og ein brei palett av andre musikkuttrykk. Kom og del musikken i kyrkjerommet for å få påfyll og bli inspirert i lag med andre!

Årets fyrste konsert i rekkja er ein dyktig trio med cello, klarinett og klaver. Her kjem den vakre akustikken i Nore Neset kyrkje verkeleg til sin rett!

Trio: Mads Oliver Hamberg (cello), Pavel Girunyan (klarinett) og Irina Tarasova (piano)

Mads Oliver Hamberg er ein 24 år gamal cellist frå Lillestrøm. Han tok sin bachelorgrad på Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo, kor han også gjekk på talentprogram, før han starta på masterstudie på Griegakademiet hausten 2024 under Audun Sandvik. Mads har deltatt på ei rekke av dei nasjonale orkesterkursa, for eksempel Ung Filharmoni og Ungdomssymfonikerne. Han har også vore ein ivrig kammermusikar og spelt i alt frå duettar til oktettar. Han spelar no i den nyetablerte kammergruppa Sky stryketrio. Mads har også opptredd som solist, også med orkester, og i land som Tsjekkia, Tyskland, og Ungarn.

Pavel Girunyan er utøvande klarinettist med utdanning frå Russland, Tyskland og Noreg. Han tok bachelorgrad og PPU ved Griegakademiet i Bergen, og studerer no master under Christian Stene. Pavel har opptredd både som solist og kammermusikar og har medverka i Göttinger Symfoniorkester.

Irina er kantor i Os sokn og har brei internasjonal utdanning. I Russland og Tyskland studerte ho Bachelor i utøving, klaver og kammermusikk. Ho kom til Noreg i 2011 for å begynne i stilling som organist i Solund kommune (Sogn) og tok kyrkjemusikkutdanning og Master i utøving, klaver på Musikkhøgskolen i Oslo. 3 år seinare flytta ho til Bergen for å jobbe som kantor i Øygarden. I desember 2023 starta ho i jobben som kantor i Os sokn. Samtidig tok ho Master i utøving, cembalo og hammerklaver. Frå august 2025 vikarierer ho som piano-og orgellærar og pianoakkompagnatør på Kongshaug Musikkgymnas.

På programmet står romantisk musikk, mellom andre Brahms, og fleire andre kjende og meir ukjende verk.

Billett kan kjøpast i døra. Betaling via Vipps eller kontant.

Vaksen kr 200,- Honnør kr 150,- Student kr 100,- Barn u/16 år gratis.

 

Velkomen i Nore Neset kyrkje laurdag 17. januar klokka 18.00!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"