Sorggruppe

Har du mista ein av dine næraste? Ynskjer du å snakke med andre i same situasjon? Då kan kanskje sorggruppe vera noko for deg. Me startar opp igjen med sorggruppe for innbyggjarar i Lærdal, Aurland og Årdal. Alle samlingane vert haldne i Lærdal, i Kyrkjestova ved Hauge kyrkje. Fyrste samling vert 4. nov. 2025 kl. 18.00 – 20.00. Det vert sett fram kaffimat og kaffi/te.

Publisert:

Sorggruppe

Føremålet er å tilby eit samtalefelleskap som bidreg til at kvar enkelt kan få støtte til å sjå framover. 

Greitt å vite om sorggruppe:

• Mellom 4-8 deltakarar.
• Alle i gruppa har teieplikt.
• Gruppa samlast ca. annan kvar veke, ca. 8 samlingar.
• Tema basert, men fleksibelt.
• Samtalane tek ikkje utgangspunkt i tru eller livssyn.
• Sorggruppetilbodet er gratis. 

Sorggruppa vert leia av sokneprest Wenche Lie Lysne og kreftsjukepleiar Linda Mannes. 

For å melde deg på ta kontakt på telefon: 

Wenche Lie Lysne: 99554531
Linda Mannes; 97699266

Frist for påmelding 21.oktober

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"