Dåpsdue
I 2023 startar vi ein ny tradisjon i kyrkja i Lærdal, der alle dåpsbarn får si eiga dåpsdue. Når barnet er døypt heng vi opp dua i dåpstreet vårt. Om eit år inviterer vi alle døypte eittåringar til Dueslepp i kyrkja. No er duene klare for å bli med barna heim. Den fyrste dua har alt fått si plass på dåpstreet og vi gler oss til å sjå den få selskap av fleire dåpsduer. Det fine dåpstreet vårt er laga av kyrkjetenar Laila Etterlid, medan Bjarne Sagstad - soknepresten Gunnar Eldevik sin morfar - har laga dei flotte dåpsduane for hand.