Dei fleste veljer å delta på konfirmantopplegget den vinteren dei går i 9. klasse. I 8. klasse blir det kalt inn til eit informasjonsmøte om konfirmanttida før sumarferien som er opent for alle interesserte. Her blir det informasjon om opplegget og korleis ein melder seg på dei ulike aktivitetane. Her diskuterer me og kva dagar sjølve konfirmasjonshandlinga skal skje i dei ulike grendene.
Ein del av konfirmasjonsopplegget er felles for heile Øvre Telemark, og arrangerast av "Ønsket og elsket". I Kviteseid sokn avsluttast konfirmanttida med ein konfirmasjonsdag ikring mai, og stor konfirmasjonsleir på Gjennestad med "Ønsket og elsket" i starten av sumarferien. Dei som ikkje kan eller vil på leir, har eit eige opplegg med pilegrimsvandring over fire laurdagar.
Me ynskjer å fortelje deg som er konfirmant at du er ønska og elska av Gud! Du kan melde deg som konfirmant på "Mi kyrkjeside" mellom 7. mai og 31. august.