Dagens bibelord

1. Korintar 12,4–10

Dagens bibelord 10.10.2026

1. Korintar 12,4–10

4  Nådegåvene er ulike, men Anden er den same. 5  Tenestene er ulike, men Herren er den same. 6  Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle. 7  Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode. 8  For ved Anden blir det gjeve den eine å forkynna visdom, den andre å forkynna kunnskap ved den same Anden. 9  Éin får ei særskild tru ved den same Anden, ein annan nådegåver til å lækja ved den eine Anden. 10  Éin får gåva å gjera mektige gjerningar, éin å tala profetisk, ein annan å prøva ånder. Éin får gåva å tala ulike tunger, ein annan får tyding av tungene.

Kilde: www.bibel.no