Dei salmar som skal nyttast som fellessong, skal uttrykkja ein Guds-relasjon. Me nyttar såleis songar frå salmeboka eller melodiboka.
Mange vel å ha framføring av solosong eller andre musikkstykke i kyrkja. DNK i Kvam ynskjer at den musikken som vert framført under ei gravferd, er levande musikk, anten vokal eller instrumental, framført av levande menneske og ikkje digitalt avspela musikk.
Prest og organist i fellesskap avgjer kva som kan framførast, men oftast vil organisten kunne spela det ein ynskjer, så sant det ikkje bryt med den kyrkjelege karakteren. Organisten må ha beskjed om salmar, annan musikk og solistar seinast 3 virkedagar før gravferda. Har du som pårørande ynskjer eller spørsmål, ta kontakt med oss!
Dersom ein ynskjer digitalt avspela musikk, ber ein om at ein nyttar minnesamværet etterpå til det.
Her er liste med musikk-forslag til gravferd som kantorane våre har utarbeida:
