Kyrkjekino 6. mars i Norheimsund kyrkje: Legenda om Narnia

Velkomen til Kyrkjekino med "Legenda om Narnia - Løven, heksa og klesskapet", sjå påmelding nedanfor.

Kyrkjekino 6. mars i Norheimsund kyrkje: Legenda om Narnia

Kyrkjekino er eit arrangement for 7. trinn i kyrkjene i Kvam. I Ålvik og Strandebarm blir fleire årskull slått saman, alt etter kor store kulla er.

Vi ser filmen "Legenda om Narnia - løven, heksa og klesskapet". 
Bibelen og filmen har mykje til felles, noko me skal få oppleva gjennom ulike aktivitetar etter filmen. Det blir snop til filmen (borna treng ikkje ha med snop sjølv) og pizza i pausen.

Filmen har 11-års aldersgrense.

 

Våren 2026:

Norheimsund kyrkje: fredag 6. mars kl. 17.00 - 21.30

Ålvik kyrkje: fredag 13. mars kl. 17.00 - 21.30 

Øystese kyrkje: ila. april, dato ikkje satt

 

Alle som er døypte får invitasjon i posten, men alle - døypte eller ikkje - i rett alder er hjarteleg velkomne! 

Prøveprosjekt i Ålvik i 2026: 5.-8. klassingar i Ålvik vert inviterte med foreldre/føresette og søsken. Nedre aldersgrense med følgje: 9 år. Noter antall deltakarar i kommentarfeltet i påmeldinga.

Me ynskjer ikkje at borna skal bruke mobiltelefon under filmen, dei blir samla inn når borna kjem. Borna kan låne telefon i kyrkja om dei treng å ringe heim.

Spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med Solveig (kyrkjelydspedagog) på tlf. 930 21 676

 

OBS! Hugs påmeldingsfrist tysdagen før arrangementet!

Påmelding her!

Gløymd å melde deg på innan fristen? Ta kontakt direkte med Solveig (93021676). Me kan ikkje garantera tilrettelegging for særskilde ynskje/behov etter at fristen har gått ut. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"