Sokna i Kvam støttar HimalPartner

HimalPartner har ei tid no hatt samarbeidsavtale med alle sokna i Kvam. Noko av bakgrunnen for dette er at Ragnhild og Thore Skeie, som er frå Kvam, i mange år har vore i teneste for HimalPartner i Nepal. Dei har framleis god kontakt med arbeidet der, og hjelper oss såleis til å vere oppdaterte på kva som skjer i landet, både i kyrkje og samfunn.

Sokna i Kvam støttar HimalPartner

Ein samarbeidsavtale med HimalPartner vil seie at sokna har forplikta seg til å bruka nokre av årets gudstenester til å samla inn takkoffer til misjons-organisasjonen. Like eins å følgje arbeidet og støtte det gjennom forbøn og informasjon til kyrkjelyden.

HimalPartner, tidl. Tibetmisjonen, er ein misjons- og bistandsorganisasjon som arbeider i Nepal og tibetanske områder av Kina

Deira misjon er å setje varige spor i Himalaya. Deira arbeid skal væra bærekraftig og ikkje baserast på avhengigheit. I samarbeid med lokale partnere driv dei mental helse-prosjekt og gir folk eit levebrød, altså eit arbeid å leve av.

På nettsida deira (sjå link underst) kan du finna mykje informasjon om det omfattande arbeidet dei driv med, du kan melda deg på sommarstevne i august eller vera med på opplevelsestur til Nepal:


 

Les meir om Himalpartner HER.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"