Festeavgifta for graver på gravlundane i Høyanger som forfell i 2021, vart sendt ut med forfall medio mars månad.
Avgifta for feste av graver blir betalt for 5 år av gongen. Det betyr at vi har sendt ut rekning til alle med avtalar som forfell i 2021, på kr 1500,- pr. feste Når rekninga er betalt, vil festeavtalen bli forlengt til 2026.
I tillgeg til rekninga, vart det sendt ut eit eiget brev med informasjon om festeavgifta. I dette brevet er det ein svarslipp som dei som ønsker å seia opp ein eller fleire festeavtalar, blir bedne fylla ut og returnera til Høyanger kyrkjekontor. Festeavtalen vil då bli sletta og grava etterkvart frigjort.
Manglande betaling av tilsende faktura, vil òg bli oppfatta som oppseiing av festeavtalen. Det vil bli då sendt brev med varsel om opphøyr av avtalen i løpet av kort tid.
Skulle du ha spørsmål til fakturaen, eller har problem med å betala, ta kontakt med oss så finn vi sikkert ei løysing