Kyrkjekoret er kyrkjene sitt vaksenkor og øver fast i kvar onsdag frå 19 - 21. Dei deltek med jamne mellomrom i gudstenester og er også med på salmekveldar og konsertar i både Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkje. Av repertoar legg koret vekt på liturgisk song, men også musikk skrive av lokale komponistar som Svein Møller og Terje Tjervåg. Det vert vektlagt eit godt kormiljø og kaffepause med prat og noko attåt på alle øvingar. Korturar høyrer med, og det reiser dei på med jamne mellomrom. Koret ønskjer nye medlemar i alle stemmegruppe velkomne!
TenSing møtast kvar andre mandag i oddetalsveker frå 19- 21.30, og er eit tilbod til dei som går på ungdoms- og vidaregåande skule. Dei held til i kjellaren i Herøy kyrkje. TenSing er for både dei som likar å synge og dei som likar å spele eit instument og /eller vil vere med i eit kjekt fellesskap! Det sosiale er viktig og på korøvingane har dei alltid leik/aktivitetar og kveldsmat. TenSing er eit godt fellesskap med plass til mange fleire!
Barnekantori har øving kvar mandag frå 17.30 - 19 er for born som går i 4-7.klasse. Koret deltek på gudstenester i alle tre kyrkjene og på arrangement i lokalmiljøet. Øvingane er delt inn i bolker der ein vekslar på korsong og frileik/songleik i gymsal. Det er sosialt og kjekt og det er alltid ein liten matbit å få på korøvingane. Barnekoret har plass til mange fleire frå heile Herøy, både gutar og jenter!
Aspirantkoret er eit nytt tilbod for born i 2. og 3. klasse. Tilbodet går parallelt med Knøttekoret og ha øvingar onsdagar i partalsveke frå 17.30 - 18.30. Det sosiale med ein matbit og frileik er også ein del av korøvinga. Vi ønsker oss fleire songarar - både gutar og jenter!
Knøttekoret er for born i alderen frå ca. 3 år til 1.klasse. Øvingar er kvar andre onsdag i partalsveker frå 17.30 - 17.30. Dei syng barnesongar med bevegelse til. På øvingane er det både song, leik i gymsal og ein liten smakebit med frukt høyrer til. Aldersmessig er dei fleksible og syskjen er alltid velkomne til å vere med. Alltid plass til fleire !
Kora våra!



