Meir informasjon og søknad — sjå lenkje nedanfor.
Ledig stilling som kapellan i Herøy
Vi ser etter ein kapellan som kan vere med å fortsette det gode og jamne kyrkjelydsarbeidet, men som også kan drive fram eigne prosjekt knytt opp til kyrkjelydane sine planar og strategiarbeid. Kapellanen skal arbeide i alle tre kyrkjene og dele dei kyrkjelege handlingane med soknepresten. Det er viktig at kapellanen trivest med born og ungdom, og erfaring frå dette feltet vil vere ei styrkje for arbeidet. For tida jobbar ein spesielt med ei ny gudstenesteform nokre søndagar i semesteret, «Messy Church», og dette gjev rikt høve til involvering og godt samarbeid med stab og friviljuge.
Publisert:
