Kyrkjekoret er kyrkjene sitt vaksenkor og øver fast i kvar onsdag frå 19 - 21 i Herøy kyrkje.
Koret deltek med jamne mellomrom i gudstenester og er også med på salmekveldar og konsertar i både Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkje.
Av repertoar legg koret vekt på liturgisk song, men også musikk skrive av lokale komponistar som Svein Møller og Terje Tjervåg.
Det vert vektlagt eit godt kormiljø og kaffepause med prat og noko attåt på alle øvingar. Korturar høyrer med, og det reiser dei på med jamne mellomrom.
Koret ønskjer nye medlemar i alle stemmegruppe velkomne!
Kyrkjekoret
Har du interesse for korsong? Å synge i kor gjev god helse, sosialt fellesskap og meiningsfulle musikkopplevingar. Du får skape noko saman med andre, og du bidreg til song i gudstenester og på konsertar.
Publisert:
