TenSing møtast kvar andre mandag i oddetalsveker frå 19- 21.30, og er eit tilbod til dei som går på ungdoms- og vidaregåande skule. Dei held til i kjellaren i Herøy kyrkje. TenSing er for både dei som likar å synge og dei som likar å spele eit instument og /eller vil vere med i eit kjekt fellesskap! Det sosiale er viktig og på korøvingane har dei alltid leik/aktivitetar og kveldsmat. TenSing er eit godt fellesskap med plass til mange fleire!
TenSing
TEN SING annankvar mandag i oddetalsveker kl. 19-21.30 i Herøy kyrkje, kyrkjekjellaren. For alle som liker å synge, spele og henge med andre kjekke folk! Vi vil gjerne ha DEG med! For alle frå 8. klasse til Vg3. Oppstart mandag 24.august.
Publisert: