Gudstenester

I gudstenesta samlast kyrkjelyden til sitt viktigaste fellesskap. Til fleire arrangement, grupper, samvær og aktivitetar vi har i kyrkjene våre, jo tydelegare må Kyrkjeskipet vere i sin seglas, ja, helst «ei båtlengd føre».

Gudstenester

Vi får ta imot nåde og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. Difor søkjer vi gudstenestene for vår eigen del. Samstundes kan vi be for dei som gjer teneste, for Kyrkja og for verda.

I Herøy legg vi vinn på å ha gudstenester kvar søndag i Herøy kyrkje. I Indre Herøy og Leikanger kyrkjer skal der vere gudstenester ein gong i månaden. Gudstenester i høgtidene og på festdagar kjem i tillegg.

Hovudgudstenestene følgjer kyrkjeåret med skriftlesingar og bøner. Dette hjelper oss å ta imot mangfaldet av Guds råd til frelse. Nokre gudstenester vil legge vekt på ei særskild målgruppe i trusopplæringa og vil difor ha eit eige tema.

Oversikt over gudstenestene finn ein i kalenderen på denne nettsida, på Facebook og i aviskunngjeringar. På nettsida Skjer i kyrkja skal der også vere oppdatert informasjon. 

Møt gjerne opp i Kyrkja i god tid før gudstenesta. I «Ordning for hovudgudsteneste» står det til rettleiing: 

«Kyrkjerommet er ope ei stund før gudstenesta, med høve til å vere stille, tenne lys og be.» 

Ver vennleg å melde ifrå dersom du opplever kyrkjerommet ikkje er lagt til rette for dette, eller på andre måtar vert hindra i å ta del.

«Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg.»

Kontaktinformasjon for Herøy kyrkjelege fellesråd

Herøy kyrkjekontor

Herøy kyrkje
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg

 

Opningstider

1. september – 31. mai
Måndag stengt
Tysdag kl. 11.00-15.00
Onsdag, torsdag og fredag kl. 9.00-15.00

1. juni – 31. august
Måndag stengt
Tysdag – torsdag kl. 9.00-15.00
Fredag stengt

Kontakt

Telefon 70 08 02 60  |  418 60 780
Epost kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no
Tilsette

Vil du varsle?

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"