Konfirmant 2026/27

Konfirmantopplegget i Gulen haust 2026–vår 2027 tek ungdomane med på ei reise gjennom livets store spørsmål, kristen tru, og kvardagsnære tema som kropp, psykisk helse og relasjonar. Gjennom undervisning, leirar, gudstenester og fellessamlingar får konfirmantane utforske kva det vil seie å vere menneske, kven Gud er – og kven dei sjølve er.

Tre gutter på konfirmasjonsleir som sitter på bakken.

Konfirmantarbeid hausten 2026 – våren 2027

Plan for samlingar og aktivitetar
Samlingane vil som oftast vere på Dalsøyra samfunnshus.

Oppdatert oversikt over datoar og stader for 2026-2027 kjem

10. juni kl. 19.00 på vert det informasjonskveld på Dalsøyra samfunnshus. 


Leiarar i konfirmantarbeidet

  • Maren Daae Eide

  • Håkon Kinsarvik


Kva skal konfirmantane lære?

Etter konfirmasjonstida skal konfirmantane:

📖 Kunnskap og utanatlæring

  • Trusvedkjenninga

  • Fadervår

  • Joh 3,16 (den vesle bibel)

  • Misjonsbefalinga (Matt 28,18–20)

  • Kjærleiksbodet (Matt 22,37–39)

  • Joh 14,6 (Eg er vegen, sanninga og livet)

  • Den gylne regel (Matt 7,12)

  • Velsigninga

Kjenne til og kunne forklare:

  • Skapinga

  • Noah og pakta

  • Moses og utferda frå Egypt

  • Dei ti boda

  • Juleevangeliet

  • Påskeevangeliet

  • Pinsedagen

  • Den bortkomne sonen

  • Den barmhjertige samaritanen

  • Salme 23, Salme 139 og Rom 8

🔥 Pinse og Den heilage ande

Sjå samanhengen mellom dåp, konfirmasjon og kyrkja si oppgåve i verda.

💬 Tru og refleksjon

Snakke om kva bibeltekstar seier om Gud og livet, og dele eigne tankar og kjensler om tru, von og tvil.

⛪ Deltaking

  • Delta i gudstenester (minst 10) og oppleve bønn, nattverd og diakoni.


Struktur på undervisningskveldane 

  • 18.00 Velkomst og leik

  • 18.30 Undervisning

  • 19.00 Pause

  • 19.10 Undervisning 

  • 20.00 Matpause

  • 20.15 Leik

  • 20.45 Avslutning med bøn og enkel liturgi

  • 21.00 Slutt


Gudstenester og diakoni

  • Konfirmantane deltar på minst ti gudstenester.

  • Minst ett besøk på bu- og omsorgssenter (spele spel, lage mat, samtale eller vere med på andakt).

  • Ein gong ministrantteneste i løpet av året.

  • Delta på fasteaksjonen for kirkens nødhjelp våren 2027

Ministrantteneste

Konfirmantane får opplæring og brukar konfirmantkappe. Oppgåver kan vere:

  • Bære lys og kors

  • Hjelpe under nattverden

  • Lese bøner eller tekst

  • Styre skjerm/teknikk


Pedagogiske verktøy

  • Bibelen: brukast aktivt både til forteljingar og samtalar.

Vi samarbeider tett med Frivilligsentralen, helsesjukepleiarane og kommunen. Samlingane tek opp viktige tema som kropp, seksualitet, grenser, psykisk helse og rus. Målet er å knyte saman tru, livsmeistring og fellesskap.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"