Framlegg til soknerådsmøte: Konfirmantarbeid haust 2025 – vår 2026
Planlagde samlingar og aktivitetar
Haust 2025
- 31. august: Presentasjonssamling, Mjømna 11.00 og Gulen 16.00
Tema: Kor mykje er du verd! - 1. september: Undervisning på Dalsøyra, kl. 18.00–21.00.
Tema: Kor viktig kan ei bok vere? (Bibelen) - Kvifor døydde og stod Jesus opp?
- Gruppesamtale: Kva er sanning?
- 14. september: Presentasjonssamling, Brekke.
Tema: Kor mykje er du verd! - 24. september: Fellessamling.
Tema: Sjølvkjensle - 1. november: Fellesdag i kyrkja med konfirmantar frå Masfjorden og Solund.
Tema: Vondskap, død, håp og trøyst - 12. eller 19. november: Fellessamling.
Tema: Alkohol – påverknad og grenser - 24. november: Øving til lysmesse i Gulen kyrkje.
Tema: Kva er vitsen med gudsteneste? - Gruppesamtale: Tru og tvil
- 30. november: Lysmesse i Gulen kyrkje kl. 19.00.
Vår 2026
- 26. januar: Undervisning.
Tema: Kven står bak alt saman? Kven er Gud? - Gruppesamtale: Korleis snakkar vi med Gud?
- 4. februar: Temakveld.
Tema: Kropp og seksualitet - 13.–15. februar: Konfirmantleir på Alværa, saman med Solund (og kanskje Masfjorden).
- Påfølgjande samtalegudsteneste i Brekke kyrkje.
Tema: Kven stolar du på? Kven er Jesus? - 14. mars: Konfirmantfestival.
- 16. mars: Temakveld og inspirasjonssamling for fasteaksjonen i samarbeid med Kirkens Nødhjelp.
Tema: Faste, diakoni og solidaritet - 25. mars: Konfirmantfest på Byrknes.
- 15. april: Fellessamling.
Tema: Psykisk helse - 20. april: Øving i Brekke.
Tema: Nattverd – meir enn mat?
Leiarar i konfirmantarbeidet
Leiarteamet i konfirmantarbeidet er som tidlegare:
- Maren Daae Eide
- Eirik Halsnes
- Håkon Kinsarvik
Lærings- og kompetansemål for konfirmanttida
Konfirmanten skal etter fullført konfirmasjonstid:
📖 Kunnskap og utanatlæring
Kunne utanat og med forståing følgjande kristne trusuttrykk:
- Den apostoliske trusvedkjenninga
- Fadervår
- Den vesle bibel (Joh 3,16)
- Misjonsbefalinga (Matt 28,18–20)
- Det doble kjærleiksbodet (Matt 22,37–39)
- Eg er vegen, sanninga og livet (Joh 14,6)
- Den gylne regel (Matt 7,12)
- Velsigninga
Kunne gjenfortelje og forklare innhaldet i følgjande bibeltekstar:
- Sonen som vender heim (Luk 15)
- Skapinga (1 Mos 1–2)
- Noah og pakta (1 Mos 6–9)
- Moses og utferda frå Egypt (2 Mos 1–20)
- Dei 10 boda (2 Mos 20)
- Juleevangeliet (Luk 2)
- Påskeevangeliet – Jesu død og oppstode (Matt 26–28 / Joh 19–20)
- Pinsen – Den heilage ande kjem (Apg 2)
- Den barmhjertige samaritanen (Luk 10)
- Salme 23
- Salme 139
- Romarbrevet kap. 8
🔥 Pinse og Den heilage ande
- Sjå samanhengen mellom dåp, konfirmasjon og kyrkja si teneste i verda.
💬 Tru, refleksjon og livstolkning
- Reflektere over kva desse tekstane seier om Gud, mennesket og verda, og kva det vil seie å tru i møte med glede, sorg, rettferd og uro.
- Snakke om tru og tvil, og kjenne seg frimodig i samtale om eiga livstolkning.
⛪ Deltaking og praksis
- Delta i gudstenester og få erfaring med bøn, nattverd og diakonal handling.
- Kjenne til sentrale ledd i gudstenesta og symbol i kyrkjerommet.
- Vite kva konfirmasjon betyr som bekrefting av dåpen og som del av eit livslangt trusfellesskap.
Struktur på undervisningskveldane
- 18.00 Velkomst og leik
- 18.30 Undervisning
- 19.00 Pause
- 19.10 Undervisning og gruppesamtale
- 20.00 Matpause
- 20.15 Leik
- 20.45 Liturgisk avslutning
- 21.00 Slutt
Gudstenester og diakoni
- Alle konfirmantar skal delta på minst åtte gudstenester, og ha ulike tenesteoppgåver.
- Dei skal også vere med på minst to andaktar/samlingar ved bu- og omsorgssenter i kommunen. Oppgåvene kan vere: spele spel, lage noko godt, arrangere ein aktivitet, samtale med dei som bur der, eller bidra i andakta.
- Ministrantteneste to gonger i gjennom året. (tel ikkje som ein av dei åtte gudstenestene)
Ministrantteneste
Konfirmantane får opplæring i ministrantrolla og brukar konfirmantkappe. Dei møter opp ca. 30 min før gudstenesta og kan ha følgjande oppgåver:
- Bering av lys og kors i prosesjon.
- Assistere presten under nattverden.
- Lese liturgiske ledd eller bøner.
- Styre skjerm og teknisk utstyr.
Pedagogiske verktøy
- Vi nyttar KonfLogg – Delta‑utgåva – som konfirmantens eigen refleksjons- og loggbok. Konfloggen gjev kvar ungdom plass til å oppsummere tema, notere tankar, registrere gudstenestedeltaking og tenesteoppgåver – ein praktisk og pedagogisk støtte gjennom heile konfirmanttida I tillegg bruker vi Bibelen aktivt i undervisninga – både som kjelde til forteljingar og som eit verktøy for å reflektere over tru, etikk og livsval. Bibeltekstar blir knytte til kvardagsnære tema og aktualisert i gruppesamtalar og kreative oppgåver.
- Under fellesdagen 1. november vil også representantar frå gravferdsbyrå Dei vil snakke med konfirmantane om død, sorg og håp, og bidra til ei undrande og open samtale om dei store spørsmåla i livet. Samlinga er ein del av vårt ønske om å møte både det vonde og det vakre i livet med alvor, tru og håp.
- Konfirmantarbeidet i Gulen er tufta på eit breitt samarbeid med fleire aktørar i lokalsamfunnet. I samarbeider tett med Frivilligsentralen, helsesjukepleiarane i kommunen, Gulen kommune arrangerer vi felles ungdomssamlingar, der ungdom frå ulike delar av kommunen blir samla til tema-kveldar. Desse samlingane tek opp aktuelle og viktige spørsmål som kropp, seksualitet, grenser, psykisk helse og rus og gir rom for både faglege innspel og personleg refleksjon i trygge omgjevnader. Målet er å skape ein raud tråd mellom kyrkjeleg undervisning, folkehelse og livsmeistring – og å gje ungdommane erfaringar av fellesskap, tillit og livstolking.