Laurdag 7. november kjem Anne-Karin Apalseth frå Sandom Retreatsenter til
Valderøy kyrkje for ein temadag om Stillheit og bøn. I temasamlinga spør vi – Kva
legg du merke til? Kva legg vi merke til? Kvifor legg vi merke til det vi legg merke til?
Vi kan øve oss i å oppdage den bøna som allereie er der. Stilla hjelper oss å rette
merksemd mot denne kommunikasjonen frå den levande Gud. Undervisninga vil i
tillegg røre ved tema som gudsrelasjonen og tillit.
Under dagen prøver vi ut ulike måtar å be på. Vi vil nytte Johanneskapellet for
praksisøktene. Kapellet er vakkert utsmykka med glasmåleri kalla Døgnet sine farger.
Det blir mulighet for å stille spørsmål og til samtale i mindre grupper. Under bolken
med egen stille tid er det tilbod om enkeltsamtaler på om lag 20 minutt.
«I stilla og tillit skal dykkar styrke vera.» Jesaja 30, 15b
Temadagen passer for deg som:
- ynskjer å utforske ulike måter å be på.
- vil sette av tid til stille og refleksjon
- kjenner deg sliten av tempoet i kvardagen der du fyk frå det eine til det andre.
-lengtar etter å vere meir forankra i deg sjølv og i trua på Gud.
Praktisk informasjon:
Laurdag 7. november i Valderøy kyrkje kl. 10.30-17.00. Pris 300 kr. Enkel servering.
Leia av: Anne-Karin Apalseth, retreatleiar og dagleg leiar av Sandom Retreatsenter.
Arrangør Valderøy Sokneråd.
Kontaktperson Gunnhild Roaldsnes Bremer. Påmelding innan 4.
november: gunnhild.anita.roaldsnes bremer@kyrkja.giske.no
Program:
10.30-11.00 Registrering med kaffi/te og enkel servering.
11.00-12.00 Temasamling
Ca.12.00-12.15 Pause
12.15-13.00 Samling i Johanneskapellet - praksisøkt
13.00-13.45 Lunsj i stille med musikk
13.30-15.30 Tilbod om samtaler a 20 minutt
13.45- 14. 30 Stille tid: gå ein tur i nabolaget, slappe av i kyrkjebenkane, refleksjon i
kyrkjerommet etc
14.30-15.30 Temasamling med gruppearbeid
15.30-16.00 Kaffipause
16.00 Oppsummering med rom for spørsmål.
16.30 Stille andakt/sentrerende bøn i Johanneskapellet
17.00 Slutt
