Kantor Margaret

Ein kantor er ein kyrkjemusikar med minimum fire års høgskuleutdanning. Kyrkjemusikaren er kyrkja sin kunst- og kulturarbeidar, og leier kyrkja si musikalske virksomheit. Ho eller han planlegg og gjennomfører det musikalske innhaldet under gudstenester, vielser, gravferder og andre kyrkjelege arrangement.

Kantor Margaret

Vår kantor heiter Margaret Standal Volle Haugland. Ho er oppvaksen i Mauseidvåg i Sula kommune. Heilt frå barneåra har ho spelt piano, sunge i kor og spelt i korps. Orgel starta ho å spele då ho gjekk musikklinja ved Fagerlia videregående skule og fortsette med dette ved kirkemusikklinja på Viken folkehøgskole. Videre tok ho 4-årig kirkemusikkutdanning ved Musikkonservatoriet i Trondheim, med fordjupning i direksjon, samt mastergrad i orgel soloinstrument ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.

Etter endt utdanning fekk ho jobb som kantor i Gjerdrum og Heni sokn i Akershus, ei stilling ho hadde i 6 år. I 2012 flytta ho tilbake til Sunnmøre for eit års vikariat som kantor i Ålesund kirke. Etter dette har ho vikariert som organist over store deler av Sunnmøre i kortere eller lengre perioder. I tillegg har ho dirigert fleire ulike kor, til dømes Sykkylven gospelkor.

Ho starta jobben i Giske kyrkjelege fellesråd i august 2016.

Sjølv om utdanninga er klassisk, prøver Margaret seg på andre stilarter, og gjerne i samspel med andre. Så har du lyst til å synge eller spele litt i nokre av kyrkjene våre, er det berre å ta kontakt!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"