Gravferd

Det er stille i kyrkjerommet. Alle blikk er retta mot kista som er vakkert pynta, men likevel så naken. Bukettar og kransar ber med seg sterke kjensler frå dei sørgande. Takk for alt! Umisteleg. På gjensyn. I gravferda tek vi farvel med den døde. Vi takkar for livet og overlét den døde til Gud.

Når eit menneske døyr er det mykje som skjer. For det første må dei etterlate forholde seg til sine eigne kjensler og si eiga oppleving av det å miste nokon. Ved dødsfall vil dei pårørande bli kontakta av ein prest, som kan hjelpe med å sortere og handtere sorga som brått er ein realitet. Døden kan vere vanskeleg å gripe. Å miste er tungt å ta inn over seg. Gravferda gjer døden og avskilet meir konkret.

Å samlast om kista til takk og avskil er ein stoppestad på vegen gjennom sorga. Mange kjenner seg hjulpne av dei kjende rammene gravferdsgudstenesta gjev. Gravferda er dei næraste si avskil med den døde. Ved avskilet syner vi respekt for den døde, for livet som har vore og for livet som skal levast. I gravferda får vi takke og minnast. Her er rom for gråt og klage. Vi kan òg få løfte fram for Gud det som ikkje vart slik det skulle mellom oss. Gravferdsgudstenesta er ei bøn om forsoning, framtid og håp.

Artikkelsnarveger

Artikkelsnarveger

Artikkelsnarveger