Diakon Berit Johansen

Berit Johansen er austlendingen som (nesten) har gjort sunnmøring av seg. Ho kom til Giske hausten 1995 og har vore her sidan.

Diakon Berit Johansen

Berit vaks opp på Strømmen, like utanfor Oslo, noko du kan høyre på dialekta. Ho utdanna seg til kateket, og den første jobben ho hadde var i kyrkja på Sula. Seinare var ho kateket i Nannestad og barnesekretær i Romerike Indremisjon.

Etter eit år på Diakonihøgskolen, gjekk kursen til Giske.

Ein diakon er kyrkja sin omsorgsarbeidar. Berit har som eit motto for tenesta si at tenesta er ei helande teneste. Ho møter mange etterlatne etter dødsfall, anten på besøk i ein heim eller i ei sorggruppe. Andre som slit med ting i livet sitt, prøver ho óg å hjelpe. Draumen er at ein kyrkjelyd skal vere ein stad der vi kan kome slik vi er, delta med det vi kan og ta imot det vi treng.

Naturen i Giske har ført til at nokre par fjellsko har blitt slitt ut. Ein av favorittplassane er i fjøra ved Alnes fyr, der bølgene kan ta med seg alle tunge tankar og ein berre kan vere. Elles likar ho å strikke og lese, gjerne engelske bøker.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"