Giske kyrkjelege fellesråd

Mange lurer kanskje på kva forskjellen mellom fellesrådet og soknerådet er. Fellesrådet sine oppgåver er avgrensa i lova medan sokneråda har ansvar for det andre - til dømes kyrkjelydsarbeidet.

Fellesrådet er ansvarleg for:

  • Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer.
  • Anlegg, drift og forvaltning av kyrkjegardar.
  • Oppretting og nedlegging av stillinger som blir løna over fellesrådet sitt budsjett
  • Anskaffelse og drift av kyrkjelyds- og prestekontor.
  • Anskaffelse av lokaler, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæring.
  • Brann og innbruddsikring
  • Universell utforming
  • Andre behov for utvikling/oppgradering av bygget.

Oppgåver/ansvar for fellesrådet:

  • Arbeidsgiver for stillingane i sokna
  • Ansvar for felles økonomi
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og kyrkjegardar
  • Ansvar for felles planar og strategi i den kyrkjelege verksemda i kommuna
  • Fremme samarbeid mellom sokna og påta seg å løyse oppgåver i felleskap.

 

Kyrkjebygga, soknet eig si eiga kyrkje.
Hos oss er det tre sokn, Vigra, Giske( Giske og Godøya) og Valderøy. Og vi har tre soknekyrkjer, Vigra kyrkje, Valderøy kyrkje og Giske kyrkje.

Soknerådet har hovudansvar for bruk og utleige av bygget.

Gravfersforvaltning/ kyrkjegardar
I Giske kommune har vi lokale kyrkjegardar på kvar av øyane, og innanfor kommuna sine grenser har kommuna sine innbyggarar gratis gravplass.

Fellesrådet har to roller:

  • Bidra til Den Norske kyrkja sin gravferdssermoni for kyrkjemedlemar
  • Gravferdsforvaltning for alle innbyggarar i kommuna

Litt om inntektskjelder

  • Kommunale tilskot (kyrkjelova §15)
  • Kommunal tenesteyting
  • Statlige tilskot som til dømes trusopplæring, diakoni, kulturstøtte og FOU arbeid.
  • Ofringar, innsamlingar og gåver
  • Leigeinntekter og avgifter
  • Kompensasjonsordningar, rentekompensasjon for lån til istandsetting av kyrkjebygg og momskompensasjon.




Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"