Fusa sokn samarbeider tett med eigar av bedehuset, og er dei som bruker det flittigast, med gudsteneste ofte to gongar i månaden. Det er her mange familie- og ungdomsretta tiltak blir halde, både i og utanfor gudstenesterammene. Bedehuset har plass til omkring 120 menneske under gudsteneste.
På Eikelandsosen bedehus har me månadlege familiegudstenester; kalla "Familiemix". Her har me òg konfirmantsamlingar, kor, tweensklubb og ulike trusopplæringstiltak, då det er meir sentralt plassert og meir tenleg enn nokon av kyrkjene våre.
Bedehuset vart ferdig oppført i 1987, og har vore i flittig bruk sidan. For meir informasjon om huset, kan de sjå på lenkja under sitatet.