FASADE:
Orgelfasaden frå 1895 - i nygotisk stil - blir delvis vidareført i det nye orgelet. Orgelet kjem lenger fram, og fasaden blir ein del av galleribrystninga. Galleriet vert bygd opp på ny. Det vil få korte sidegalleri som har plass til mellom anna kor. Brystninga får søyler i rekkverk, som vil opna det tidlegare litt tronge og mørke galleriet.
PLASSERING AV ORGELET:
Orgelet vert vesentleg mykje større enn det gamle. Instrumentet får 24 stemmer fordelt over 2 manualer og pedal. Til saman 1368 store og små piper skal få plass i orgelhuset. Heile orgelet blir bygd etter klassiske prinsipp. Spelepulten kjem no på nordsida av orgelhuset.
KLANGEN:
Med 24 stemmer får orgelet ein rik klangpalett. Det vil med sine fyldige grunnstemmer kunna bera salmesongen på ein heil ny måte. Kvar pipe i orgelet blir nøye tilpassa kyrkjerommet. Musikk frå ulike epokar og opphav skal kunna koma til sin rett og inspirera både musikarar og kyrkjelyd.
NOKRE MILEPÆLAR:
↓
03.07.2015 Kontrakt inngått med Ålems Orgelverkstad AB
01.01.2016 Byggjestart hos Ålems i Sverige
15.02.2016 Me er halvveis med å samle inn kr. 1.000.000,-
29.02.2016 Jan Overweg og Harald Skumsnes har besøkt Kongsvinger kyrkje - som har eit liknande orgel av Ålems
03.03.2016 Ein liten avskjedskonsert for orgelet i Fitjar - sidan deler av instrumentet no blir demontert
04.03.2016 Fasaden er demontert og tatt med til orgelbyggeriet
↓
↓
01.09.2016 Kyrkja vert stengt fram til 25.11.2016 pga ombygging av galleriet
26.03.2017 Innviing av det nye orgelet?