Ledig stilling - trusopplærar

Fitjar kyrkje lyser ut ei stilling som Trusopplærar - 80% fast stilling. Sjå utlysinga og ta kontakt om du er interessert!

Ledig stilling - trusopplærar

Fitjar kommune, med sine ca. 3200 innbyggjarar, har eitt sokn.  Fitjarbygda ligg sentralt til mellom Bergen og Haugesund. Her er gode kommunikasjonar for å reisa til og frå. Bygda har rikt kulturliv og vakker natur som legg til rette for ei aktiv fritid. Soknet har ei` kyrkje som ligg i Fitjar sentrum.  I kyrkjelyden er det svært stor oppslutning om gudstenester, andre arrangement og frivillig arbeid.  Staben i kyrkja består for tida av sokneprest, kyrkjeverje, kantor, og kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar.

Fitjar kyrkjelyd sin visjon er: «Nær Kristus – nær menneske»

Me har denne stillinga ledig:

Trusopplærar    – 80 %  fast stilling


Arbeidsoppgåver

- Arbeid med trusopplæring 0 – 18 år

- Konfirmantarbeid

- Anna barne – og ungdomsarbeid

- Frivilligkoordinator


Utdanning/kvalifikasjonar

- Relevant utdanning innan kristendom, teologi og pedagogikk

- Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid


Personlege eigenskapar

- Evne til å kommunisera med ulike aldersgrupper, særleg barn og ungdom

- Gode evner til å samarbeida med tilsette og frivillige, lag og organisasjonar

- Evne til å arbeida sjølvstendig og fleksibelt

- Ynskje om å vera med å bygga og styrka kyrkjelyden i Fitjar

- Evne til å skapa engasjement


Me kan tilby:

-  Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regulativ og tariffavtale i KA

-  Pensjonsordning i KLP

-  Samarbeid i ein stab med stor arbeidsglede og godt humør


Den som vert tilsett må kunna uttrykkja seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.  

Målforma i Fitjar kyrkjelyd er nynorsk.

Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at dei som arbeider i kyrkjelyden er busette i Fitjar.

Det vert sett krav til medlemsskap i Den norske kyrkja.

Ved  tilsetjing vil det verta kravd politiattest.


Søknadsfrist 15.8.2018

Søknad kan sendast til arbeidsgjevar:

Fitjar sokn, postboks 10, 5418 Fitjar.

kyrkja@fitjar.kommune.no

Nærare informasjon om stillinga er råd å få hos kyrkjeverje Harald Rydland tlf. 913 47 802.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  
torsdagar kl. 09.00-15.00,
fredagar kl. 12.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"