Torsdag 31. januar kl 19:30 ønskjer me velkommen til temakvelden «Når tonar og ord møtest». Kari Bolette Lundal har henta fram tekstar frå Bibelen og Norsk salmebok som ho vil framføra. Her er både kjende og mindre kjende tekstar som kastar lys over ulike sider ved Gud, livet og trua. Barbro Høyland Andersen på tverrfløyte og Bjarte Aadland på piano vil, i veksling med desse tekstane, framføra ei rekkje utvalde stykke for fløyte og piano av komponistane Ravel og Debussy.
Både Ravel og Debussy høyrer til innanfor fransk impresjonisme, som hadde si blømingstid tidleg på 1900-talet. Dette er stemningsfull, klassisk musikk med eit spennande og vakkert klangbilete.
Tanken er å skapa eit møte mellom ord og tonar som gir rom for ettertanke. Me lever i ei travel tid, og med denne temakvelden ønsker me å gi dei som kjem eit pusterom. Det kan vera godt å få setja seg ned, lytta, ta imot og finna roen.
Inngongspengar..kr 100,-
VELKOMMEN!!