Kor langt strekkjer eit kall seg? Og kven sitt liv har du fyrst og fremst ansvar for? Dei du er sett til å tene, eller deg sjølv og ektemaken din? Dine eigne born eller andre sine born? Slike dilemma skulle prega Arne og Dorthea Valen sine liv så lenge dei levde. Å vera misjonærpionerar på Madagaskar på slutten av attenhundretalet kravde både mot og innsats, og ikkje minst uthald. Arne og Dorthea Valen reiste ut med håp om å gjera ein stor innsats for gassarane, både med tanke på skule og utdanning, forkynning og etablering av nye kyrkjelydar. Men både politiske forhold og sjukdom gjorde gjerninga vanskeleg. Så kom dagen då dei måtte sende sine eigne born på internatskule i Norge. Kven skulle dei ta mest omsyn til?
Johanne Øvstebø Tvedten er formidlingsleiar ved Sunnhordland museum. Ho har laga forteljinga om familien Valen utifrå boka til Kolbein Espeseth «Eitt liv – mange soger», og har kalla framføringa «Misjonsliv». Med seg har ho aktør og songar Fred Ola Bjørnstad i rolla som Arne Valen, og organist Ole Jørgen Furdal, som vil spela på det flotte, nye orgelet i Fitjar kyrkje. Framsyninga varer omlag 70 minutt.
Bilett ved inngangen, kr. 100